Intimkonsert med Tønes Trio
Endeleg til Låveleik! Dette er ein artist vi har ønska oss til Låveleik i mange år!
Tønes er bygdepoesi på sitt aller, aller finaste. Hysterisk vittig, vidunderleg vakkert - formidla av heilt unike musikarar.
Tønes har ei unik evne til å observere og formidle kvardagslivets situasjonar. Han skriv sangar der det enkle får romme meir enn det først kan virke som. På scena har han med seg multiinstrumentalistane Anne Lise Frøkedal og Erlend Aasland. Ho er ei særeigen musikalsk kraft og stemme. Like sterk med gitar, som bak pianoet. Mange kjenner henne også frå Frøkedal og Familien, I Was a King eller King Husky.
Erlend er ein sandnesgauk som enno ikkje møtt eit instrument han ikkje har meistra. Han har
også dragning mot så ulike band som Randi Tytingvåg trio og Øystein Sunde, og har arva
stemma til Johnny Cash.
Tønes er Frank Tønnesen, og har gitt ut 11 album, ein god del EPar og ein roman. Frank er middels interessert i waldorfsalat, men ganske glad i ved, fuglar og fyrstekake. Anne Lise er enormt god til å stable instrument og bagasje i bilar, og har ein langsiktig plan om å bli fuglekikkar. Erlend har ikkje så langsiktige planar, men køyrer lastesykkel som har plass til både instrument og ungar.
Tønes, Anne Lise og Erlend lagar konsertkveldar som aldri er heilt like, men som rommar ein heilt
eigen blanding av humor og ettertanke.
Restriktioner
Det er ikkje mogleg å parkere ved løa til Siren&Bjørn. Parkeringsvaktar vil ordne parkering langs vegen. Møt fram i god tid. Unummererte plassar.