page view image

Ekstrakonsert med Eva Weel Skram

Eva har opparbeidd seg eit imponerande stort og trufast konsertpublikum over heile landet, og artisten fyller Grieghallen år etter år. Difor er det heilt unikt å få oppleve denne artisten i løa til Bjørn&Siren på Låveleik.

Information
event image

Heilt sidan Eva Weel Skram og hennar musikarektemann gjennom alle desse åra, Thomas Stenersen, starta å skrive musikk saman i popduoen Eva & The Heartmaker, har det meste gått oppover for Eva og hennar gitar-superhelt. Duoen var i mange år ei av landets mest suksessrike popgrupper, med fire studioalbum på samvittigheita og hitlåtar som «Gone In A Flash», «Signals» og «Joanna».

Sogndalsjenta Eva er ein av landets aller mest folkekjære artistar, og har opparbeidd seg eit imponerande stort og trufast konsertpublikum over heile landet.Som deltakar TV2-suksessen “Hver gang vi møtes”, gav Eva oss fleire heilt unike tolkingar. Klassikaren «Evig eies kun et dårlig rykte», gjekk til hjarta på oss alle, og gav Eva inspirasjonen ho trong for å byrje skrive sine eigne tekstar på norsk.

«Eva Weel Skram har lenge vært en av Norges mest distinkte popartister. Med albumet «Sleppe tak» ligger alt til rette for at hun skal bli allemannseie», skreiv Dagsavisen om hennar siste album.

Denne artisten fyller Grieghallen år etter år. Difor er det heilt unikt å få oppleve denne artisten i løa til Bjørn&Siren på Låveleik.

Beperkingen

Det er ikkje mogleg å parkere ved løa til Siren&Bjørn. Parkeringsvaktar vil ordne parkering langs vegen. Møt fram i god tid.