Intimkonsert med ODDNY

Vi skjønte det- første gong vi høyrde låta «Oktober, Bergen by»: Dette bandet MÅ vi få til å spele på Låveleik. Denne sommaren spelar dei landet rundt på større festivalar, og vi er sprekkeferdige av glede for å kunne inkludere den vesle festivalen vår på den prestisjetunge lista.

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Oddny syng på dialekt og foreinar det vestlandske og underfundige med element frå folk, rock og honningsøt pop. Etter fleire år i Bergen har dei funne heimatt til røtene sine, og i eit lite kvitt hus på Bremangerlandet blir musikken skapt. I fjor haust ga dei ut EP-en «Eg trur at eg må spy/Våte sko». Låten «Oktober, Bergen by» blei A-lista på nasjonal NRK P1 og popklikk.no rangerte den som ein av dei beste norske låtane i 2023. Bandet vann nyleg Luttprisen 2024 i kategorien «Årets nykommar».

Folkrockbandet Oddny er eit norskspråkleg alternativ rock-fenomen med tekstleg pondus. Dei foreiner det vestlandske underfundige med element frå rock, folk og honningsøt pop, og beskriv dei store følelsane i små bilete. Vi spår at 2024 blir bremangerbandet sitt gjennombruddsår!

Dei 4 karane held til i Oslo/Bergen, men har musikalsk hovedkvarter i eit hus i Bremanger, der dei samlast for å bu, skrive og spele inn musikk. Låtskrivar Iver og trommis Oliver er frå Bremanger, bassist Bartek frå Førde og tangentist Edvard frå Sandane. Alle har vore i publikum på Malakoff mange gongar tidlegare. No skal dei spele der! 

Oddny gav i november i fjor ut EP’en Eg trur at eg må spy/Våte sko på eige plateselskap, HotWater, med distribusjon hos MATE/The Orchard. Låten “Oktober, Bergen by” blir jamnleg spelt på NRK P1 nasjonalt, og Popklikk.no rangerte den som ein av dei beste norske låtane i 2023!


.

Restriksjoner

Det er ikkje mogleg å parkere ved løa til Siren&Bjørn. Parkeringsvaktar vil ordne parkering langs vegen. Møt fram i god tid.

Organizer
Låveleik