page view image

Forfattarmøte i Gamle Skulestova - Dag Steinfeld

Boka "Sønner og fedre" kom ut i fjor haust og fekk strålande kritikkar. Møt forfattaren i unike, historiske rammer - i den vakre, gamle skulestova på Ottogarden

Informasjon
event image

Frå han var liten, høyrde Dag Steinfeld fortellingar om den jødiske familien sin på farssida. Dei hadde flykta frå fattigdom og forfølging i Russland på 1800-tallet, og etter kvart etablert seg med fleire forretningar i Norge. Seinere døydde mange av dei i Auschwitz. Då Dag bestemmer seg for å undersøke fortida, avdekker han ei eventyrlag klassereise og stor rikdom, men også voldsame konfliktar. Gjennom to verdkrigar, økonomiske krisetider og kald krig står fedre og søner mot kvarandre i familien. Han har sjølv stått i ein slik konflikt med sin eigen far. Men dette er også ei historie om venskap, samhald og kjærleik. Ei gripande fortelling om dei siste hundre åra i Europa - slik éin familie har opplevd dei.